Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:5-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Job har sagt: «Eg er rettferdig,Gud har sett min rett til sides.

6. Eg har rett, men blir halden for løgnar.Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»

7. Finst det ein mann som Job?Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.

8. Han reiser i følgje med dei som gjer vondt,og ferdast med dei urettferdige,

9. for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytteav å søkja gunst hos Gud.»

10. Men de forstandige, høyr heller på meg:Det er langt frå Gud å vera urettferdig,og frå Den veldige å gjera vondt.

11. Han gjev oss att for våre handlingar,gjev løn etter gjerning.

12. Sann mine ord: Gud gjer ikkje urett,Den veldige fordreiar ikkje retten.

13. Kven har gjeve han tilsyn med jorda,kven har overlate heile verda til han?

14. Om han berre tenkte på seg sjølvog heldt anden, pusten sin, tilbake,

15. då ville kvar levande skapning døyog mennesket venda attende til støv.

16. Har du forstand, så høyr dette!Lytt til det eg seier!

17. Kan ein som foraktar retten, dømma andre?Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?

18. Vil nokon kalla kongen ein kjeltring,eller seia: «skuldig» til stormenn?

19. Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar,vel ikkje rikfolk framfor fattige.Dei er alle verk av hans hand.

20. Dei døyr i hast midt på natta,folk blir skaka opp og går til grunne.Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.

21. Guds auge følgjer kvar manns vegar,kvart steg ser han.

22. Ikkje noko mørker, ingen dødsskuggekan løyna dei som gjer urett.

23. Han gjev ikkje lang fristfør mennesket må møta i Guds rett.

24. Han knuser mektige utan forhøyr,set andre i deira stad.

Les hele kapitlet Job 34