Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Øyret prøver jo ordaslik ganen smakar på maten.

4. Så lat oss velja det som er rett,og saman finna ut kva som er godt.

5. Job har sagt: «Eg er rettferdig,Gud har sett min rett til sides.

6. Eg har rett, men blir halden for løgnar.Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»

7. Finst det ein mann som Job?Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.

8. Han reiser i følgje med dei som gjer vondt,og ferdast med dei urettferdige,

9. for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytteav å søkja gunst hos Gud.»

10. Men de forstandige, høyr heller på meg:Det er langt frå Gud å vera urettferdig,og frå Den veldige å gjera vondt.

11. Han gjev oss att for våre handlingar,gjev løn etter gjerning.

12. Sann mine ord: Gud gjer ikkje urett,Den veldige fordreiar ikkje retten.

13. Kven har gjeve han tilsyn med jorda,kven har overlate heile verda til han?

14. Om han berre tenkte på seg sjølvog heldt anden, pusten sin, tilbake,

15. då ville kvar levande skapning døyog mennesket venda attende til støv.

16. Har du forstand, så høyr dette!Lytt til det eg seier!

17. Kan ein som foraktar retten, dømma andre?Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?

18. Vil nokon kalla kongen ein kjeltring,eller seia: «skuldig» til stormenn?

Les hele kapitlet Job 34