Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:25-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Han legg merke til det dei gjer.Ei natt slår han dei over ende og knuser dei.

26. Han straffar dei som lovlauseein stad der alle ser.

27. For dei vende seg bort frå hanog gav ikkje akt på hans vegar.

28. Då nådde ropet frå dei fattige til han,han høyrde skriket frå dei hjelpelause.

29. Om Gud teier, kven kan dømma han?Om han løyner andletet, kven kan sjå han?Han er over kvart folkeslag og kvart menneske,

30. så ingen ugudeleg får vera kongeog leggja snarer for folket.

31. Har vel du sagt til Gud:«Eg har gjort ein eid og vil ikkje bruka vald.

32. Og det eg sjølv ikkje ser, må du visa megså eg ikkje held fram med å synda.»

33. Skal Gud løna deg som du ønskjer når du avviser han?Det er du som må velja, ikkje eg.Sei det du veit!

34. Kvar vis mann som høyrer på meg,ja, alle forstandige menneske, vil seia til meg:

35. «Job talar utan kunnskap,orda hans manglar meining.

36. Lat Job for alltid prøvast,han svarar som ein ugjerningsmann.

37. Han legg brot til si syndog spottar midt iblant oss,bruker store ord mot Gud.»

Les hele kapitlet Job 34