Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:19-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar,vel ikkje rikfolk framfor fattige.Dei er alle verk av hans hand.

20. Dei døyr i hast midt på natta,folk blir skaka opp og går til grunne.Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.

21. Guds auge følgjer kvar manns vegar,kvart steg ser han.

22. Ikkje noko mørker, ingen dødsskuggekan løyna dei som gjer urett.

23. Han gjev ikkje lang fristfør mennesket må møta i Guds rett.

24. Han knuser mektige utan forhøyr,set andre i deira stad.

25. Han legg merke til det dei gjer.Ei natt slår han dei over ende og knuser dei.

26. Han straffar dei som lovlauseein stad der alle ser.

27. For dei vende seg bort frå hanog gav ikkje akt på hans vegar.

28. Då nådde ropet frå dei fattige til han,han høyrde skriket frå dei hjelpelause.

29. Om Gud teier, kven kan dømma han?Om han løyner andletet, kven kan sjå han?Han er over kvart folkeslag og kvart menneske,

30. så ingen ugudeleg får vera kongeog leggja snarer for folket.

Les hele kapitlet Job 34