Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 32:2-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Elihu, son til Barakel frå Bus, av Ram-slekta, vart då fylt av harme. Vreiden hans flamma opp mot Job, som meinte seg å vera meir rettferdig enn Gud.

3. Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig.

4. Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.

5. Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm.

6. Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, og de er gamle.Difor var eg redd,våga ikkje å seia mi meining til dykk.

7. Eg tenkte: «Lat alderen tala,lat dei mange år bera fram visdom!»

8. Men det er ånda som er i mennesket,pusten frå Den veldige, som fører til innsikt.

9. Det er ikkje talet på år som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.

10. Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.

11. For eg venta medan de tala,lytta etter forstandmedan de leita etter ord.

Les hele kapitlet Job 32