Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 32:16-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Skulle eg venta når dei ikkje talar,når dei berre står der utan svar?

17. Eg òg må ha rett til å tala,eg òg vil seia mi meining.

18. For eg blir fylt av ord,ånda i mitt bryst driv meg.

19. Mitt bryst er lik uopna vin,lik nyfylte skinnsekker som held på å rivna.

20. Eg vil letta trykket ved å tala,opna leppene og gje svar.

21. Eg gjer ikkje forskjell på folk,vil ikkje smigra nokon,

22. for smiger veit eg ikkje av.Elles kunne min skapar snart rykkja meg opp.

Les hele kapitlet Job 32