25. Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar?Sørgde eg ikkje over dei fattige?
26. Difor vona eg på det gode, men det vonde kom,eg venta på lys, og det vart mørker.
27. Det koker i meg, ustanseleg.Eg har møtt trengsles dagar.
28. Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol.Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.
29. Eg har vorte ein bror av sjakalar,held lag med strutsar.
30. Huda er svart over heile meg,og knoklane brenn av hete.
31. Mi lyre er stemd for sørgjesong,og fløyta gjev lyd til gråt.