Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 30:18-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine,hendene hans snører kjortelen om meg.

19. Så kastar han meg i søla,eg er som støv og oske.

20. Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje.Eg står der, og du berre ser på meg.

21. Du har snudd om og vorte vond mot meg,Med di veldige hand går du til åtak.

22. Du set meg til å ri på stormen,braket gjer meg skjelven.

23. Eg veit du fører meg i døden,til huset som samlar alt levande.

24. Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys?Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?

25. Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar?Sørgde eg ikkje over dei fattige?

26. Difor vona eg på det gode, men det vonde kom,eg venta på lys, og det vart mørker.

27. Det koker i meg, ustanseleg.Eg har møtt trengsles dagar.

28. Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol.Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.

29. Eg har vorte ein bror av sjakalar,held lag med strutsar.

30. Huda er svart over heile meg,og knoklane brenn av hete.

31. Mi lyre er stemd for sørgjesong,og fløyta gjev lyd til gråt.

Les hele kapitlet Job 30