Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 30:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Avkomet deira reiser seg på høgre sida,dei spenner føtene under megog banar veg for ulukka.

13. Dei bryt opp stigen min,dei skor seg på mi ulukke,dei som sjølve ingen hjelpar har.

14. Dei kjem som gjennom ei vid rivne,mellom ruinar velter dei fram.

15. Redsler kastar seg over meg,dei jagar mi ære som vinden,redninga blæs bort som ei sky.

16. For no er mi livskraft tømd ut,lidings dagar har gripe meg.

17. Natta går gjennom merg og bein,verken gneg utan stans.

18. Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine,hendene hans snører kjortelen om meg.

19. Så kastar han meg i søla,eg er som støv og oske.

20. Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje.Eg står der, og du berre ser på meg.

21. Du har snudd om og vorte vond mot meg,Med di veldige hand går du til åtak.

22. Du set meg til å ri på stormen,braket gjer meg skjelven.

Les hele kapitlet Job 30