Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 30:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men no ler dei av meg,dei som er yngre av år,med fedrar som eg nektaplass blant gjetarhundane mine:

2. «Kva nytte har eg av hendene deira?Dei har mista si manndomskraft.

3. Naud og svolt har gjort dei ufruktbare.Dei går og gneg på tørre moarsom alt i går var aude og snaue.

4. Dei plukkar melde i krattetog et røter av gyvelbusken.

5. Dei blir drivne ut av leiren,folk ropar etter dei som etter ein tjuv.

6. I ville kløfter held dei til,i jordhòler og grotter.

7. Dei skrik som esel i krattetog klyngjer seg saman mellom tistlar,

Les hele kapitlet Job 30