Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 30:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men no ler dei av meg,dei som er yngre av år,med fedrar som eg nektaplass blant gjetarhundane mine:

2. «Kva nytte har eg av hendene deira?Dei har mista si manndomskraft.

3. Naud og svolt har gjort dei ufruktbare.Dei går og gneg på tørre moarsom alt i går var aude og snaue.

4. Dei plukkar melde i krattetog et røter av gyvelbusken.

5. Dei blir drivne ut av leiren,folk ropar etter dei som etter ein tjuv.

6. I ville kløfter held dei til,i jordhòler og grotter.

7. Dei skrik som esel i krattetog klyngjer seg saman mellom tistlar,

8. born av dårar, av folk utan namn,kjeppjaga ut av landet.»

9. Men no er eg spottevisa deira,det er meg dei sladrar om.

10. Dei avskyr meg og vik unna meg,openlyst spyttar dei på meg.

11. Gud løyste bogestrengen min og knekte meg.Difor er dei utan hemningar når dei møter meg.

12. Avkomet deira reiser seg på høgre sida,dei spenner føtene under megog banar veg for ulukka.

13. Dei bryt opp stigen min,dei skor seg på mi ulukke,dei som sjølve ingen hjelpar har.

Les hele kapitlet Job 30