Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 3:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Den dagen – lat han bli mørker,så Gud i det høge ikkje spør etter hanog dagslys aldri fell på han!

5. Lat mørker og dødsskugge få han,lat skyer kvila over hanog formørking skremma han!

6. Den natta – lat mørke skuggar ta henneså ho ikkje finst mellom dagane i åretog ikkje kjem med når månader skal teljast.

7. Ja, måtte den natta bli ufruktbarog glederop ikkje høyrast.

8. Lat dei lysa forbanning over henne,dei som manar fram ulukkedagar,dei som kan vekkja Leviatan.

9. Lat hennar morgonstjerner slokna,lat ho venta på lys som ikkje kjem,og aldri sjå morgonròden slå auga opp!

10. For ho stengde ikkje morlivs dører for megog løynde ikkje lidinga for auga mine.

11. Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,anda ut då eg kom frå mors liv?

12. Kvifor tok dei meg på fanget,la meg til brystet for å suga?

13. No kunne eg ha lege i ro,sovna og så fått kvila

14. med kongar og rådgjevarar på jorda,dei som bygde der det no er ruinar,

15. eller med stormenn som hadde gullog fylte husa sine med sølv.

16. Då hadde eg ikkje vore til,lik eit foster som døyr i løynd,lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.

17. I grava har dei urettferdige rasa frå seg,der kviler dei som har tømt sine krefter.

18. Fangar har fred,dei høyrer ikkje vaktarens rop.

19. Der er både små og store,der er tenaren fri frå herren sin.

Les hele kapitlet Job 3