Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 3:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. I grava har dei urettferdige rasa frå seg,der kviler dei som har tømt sine krefter.

18. Fangar har fred,dei høyrer ikkje vaktarens rop.

19. Der er både små og store,der er tenaren fri frå herren sin.

20. Kvifor gjev dagen lys til den som lid,og liv til dei ulukkelege,

21. til dei som ventar fåfengt på dødenog søkjer døden meir enn løynde skattar,

22. til dei som glade ville ha jublaog fryda seg om dei fann ei grav,

23. til ein mann som ikkje finn vegfordi Gud stengjer for han?

24. Mine sukk har vorte mitt brød,klageropa mine strøymer som vatn.

25. Det eg fryktar mest, er over meg.Det eg gruar for, kjem no.

26. Eg får ikkje fred, ikkje ro, ikkje kvile,så opprørt er eg.

Les hele kapitlet Job 3