Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 29:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. trekte dei unge seg tilbake så snart dei såg meg,og dei gamle reiste seg og stod.

9. Hovdingar heldt orda attende,la handa over munnen.

10. Stormenns røyster tagna,tunga klistra seg til ganen.

11. Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.Kvar den som såg meg, tala lovord.

12. For eg redda den fattige som ropa om hjelp,den farlause som ingen hjelpar hadde.

13. Den forkomne velsigna meg,eg fekk enkjers hjarte til å jubla.

14. Rettferd var kleda eg kledde meg i,rettsinn var som kappe og turban.

15. Eg var auge for den blindeog føter for den lamme.

16. Eg var far for dei fattigeog granska saka for dei eg ikkje kjende.

17. Eg knuste kjeven på dei som gjorde urett,og redda rovet ut av gapet på dei.

18. Eg sa: «Eg får døy blant mine eigne,dagane mine blir talrike som sandkorn.

19. Røtene mine når til vatnet,og nattedogg kviler i greinene.

20. Mi ære blir stadig fornya,og bogen i handa mi får ny spenst.»

21. Dei lytta til meg og fekk håp,dei tagde når eg gav dei råd.

Les hele kapitlet Job 29