Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 29:3-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. då hans lampe skein over hovudet mittog eg gjekk gjennom mørkret i hans lys,

4. slik eg hadde det i mine velmaktsdagardå Gud var min fortrulege i mitt telt,

5. då Den veldige framleis var med megog borna mine var rundt meg,

6. då eg vassa i rømmeog bekker av olje rann frå berget hos meg.

7. Når eg gjekk ut til byportenog tok sete på torget,

8. trekte dei unge seg tilbake så snart dei såg meg,og dei gamle reiste seg og stod.

9. Hovdingar heldt orda attende,la handa over munnen.

10. Stormenns røyster tagna,tunga klistra seg til ganen.

11. Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.Kvar den som såg meg, tala lovord.

12. For eg redda den fattige som ropa om hjelp,den farlause som ingen hjelpar hadde.

13. Den forkomne velsigna meg,eg fekk enkjers hjarte til å jubla.

Les hele kapitlet Job 29