Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 29:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.Kvar den som såg meg, tala lovord.

12. For eg redda den fattige som ropa om hjelp,den farlause som ingen hjelpar hadde.

13. Den forkomne velsigna meg,eg fekk enkjers hjarte til å jubla.

14. Rettferd var kleda eg kledde meg i,rettsinn var som kappe og turban.

15. Eg var auge for den blindeog føter for den lamme.

16. Eg var far for dei fattigeog granska saka for dei eg ikkje kjende.

17. Eg knuste kjeven på dei som gjorde urett,og redda rovet ut av gapet på dei.

18. Eg sa: «Eg får døy blant mine eigne,dagane mine blir talrike som sandkorn.

19. Røtene mine når til vatnet,og nattedogg kviler i greinene.

20. Mi ære blir stadig fornya,og bogen i handa mi får ny spenst.»

21. Dei lytta til meg og fekk håp,dei tagde når eg gav dei råd.

22. Når eg hadde tala, tok ingen til motmæle;orda mine draup ned over dei.

23. Dei venta på min tale som på regn,med munnen open som mot vårregn.

24. Når eg smilte til dei, kunne dei ikkje tru det.Dei ville ikkje sleppa lyset frå andletet mitt.

25. Eg valde veg for dei og sat som leiar,trona som ein konge framfor hærflokken,som ein trøystar for dei sørgjande.

Les hele kapitlet Job 29