Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 28:10-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dei sprengjer seg gangar i berget,og auga får sjå alle slag kostbare ting.

11. Dei stoppar til vassårerog dreg det løynde fram i lyset.

12. Men visdomen, kvar finst han?Kvar har forstanden sin bustad?

13. Mennesket veit ikkje kva forstanden er verd.Han finst ikkje i landet til dei levande.

14. Djupet seier: «I meg er han ikkje»,og havet seier: «Han er ikkje hos meg.»

15. Han kan ikkje kjøpast for det finaste gull,prisen kan ikkje vegast i sølv;

16. han kan ikkje betalast i Ofir-gull,i kostbar onyks eller safir.

17. Han kan ikkje målast i gull eller glas,ingen kan byta han til seg for skåler av finaste gull.

18. Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;å eiga visdom er betre enn perler.

19. Han kan ikkje målast i topas frå Kusj,ikkje betalast med det reinaste gull.

20. Kvar kjem då visdomen frå?Kvar har forstanden sin bustad?

21. Visdomen er løynd for kvart levande auge,gøymd for fuglane under himmelen.

22. Avgrunnen og døden seier:«Vi har berre høyrt om han.»

Les hele kapitlet Job 28