Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 27:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. De har då sett det, alle saman,så kvifor dette tomme snakket?

13. Slik er den delen ein lovlaus får av Gud,den arven valdsmannen får frå Den veldige:

14. Har han mange born, fell dei for sverd,etterkomarane får ikkje metta seg med brød.

15. Dei som overlever, går i død og grav,og inga enkje held sørgjehøgtid.

16. Han haugar opp sølv som støvog samlar seg klede som leire;

17. han samlar, men rettferdige kler seg,uskuldige deler sølvet.

18. Det huset han byggjer, er som ein møll,som lauvhytta vaktmannen lagar.

19. Han legg seg rik, men det varer ikkje:Han slår auga opp, og alt er borte.

20. Redsler når han att som ein vassflaum,om natta fører stormen han vekk.

21. Austavinden lyfter han og fører han bort,sopar han av stad,

22. kastar seg over han utan skånselog er så sterk at han må rømma.

23. Vinden slår hendene samanog plystrar han hånleg bort frå hans stad.

Les hele kapitlet Job 27