Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 27:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2. Så sant Gud lever, han som nektar meg retten,Den veldige, han som gjer meg bitter:

3. Så lenge det er livsande i meg,pust frå Gud i nasen min,

4. skal leppene mine ikkje tala urettog tunga ikkje bera fram svik.

5. Fri meg frå å gje dykk rett!Eg er uskuldig, det står eg ved til eg døyr.

6. Eg held på mi rettferd og slepper ikkje,hjartet fordømmer ingen av dagane mine.

7. Lat fienden min stå som skuldig,motstandaren som urettferdig!

8. Kva håp har den ugudelege av det han har vunne,når Gud gjer ende på livet hans?

9. Høyrer Gud klageropa hansnår trengsler kjem over han?

10. Har han si glede i Den veldige?Ropar han seint og tidleg på Gud?

Les hele kapitlet Job 27