Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 24:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Ein mordar står opp før sola,han drep hjelpelause og fattige,om natta er han som ein tjuv.

15. Horkarens auge vaktar på skumringa:«Ingen ser meg», seier hanog dekkjer andletet til.

16. I mørkret bryt dei seg inn i hus.Om dagen stengjer dei seg inne:Dei vil ikkje vita av lyset.

17. For dei er dødsskugge som ein morgon.Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.

18. Dei forsvinn som krusingar på vatnet.Deira arvedel i landet er forbanna,ingen tek vegen til vinmarkene deira.

19. Tørke og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker dei som syndar.

20. Morslivet gløymer dei,makken fortærer dei,ingen minnest dei meir.Uretten blir knekt som eit tre.

21. Dei var vonde mot den barnlause, ho som ikkje fødde,og gjorde ikkje godt mot enkjer.

22. Gud riv dei sterke bort med sin styrke.Når han reiser seg, er ingen sikker for sitt liv.

23. Han gjev dei tryggleik og støtte,men auga hans følgjer vegane deira.

24. Ei stund er dei opphøgde, så er det slutt.Dei bøyest som alle andre og visnar,blir skorne som mogne aks.

25. Er det ikkje slik?Kven kan seia at eg lyg?Kven kan gjera orda mine til inkjes?

Les hele kapitlet Job 24