Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 24:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når tidene som går, ikkje er løynde for Den veldige,kvifor får ikkje dei som kjenner han, sjå hans dagar?

2. Folk flytter grensesteinar.Dei stel småfe og sender dei på beite.

3. Eselet til farlause hentar dei.Dei tek pant i oksane til enkjer.

4. Dei tvingar fattigfolk av vegen,dei hjelpelause i landet må gøyma seg.

5. Som villesel i ørkenen går dei til si gjerning.Dei jaktar på bytte i øydemarka, mat for borna sine.

6. Dei sankar aks på åkrane,etterhaust på vinmarkene til dei urettferdige,

7. nakne mot natta, utan kledeog utan vern mot kulden.

8. Regnet i fjellet gjer dei våte.Utan livd trykkjer dei seg mot berget.

9. Somme riv farlause born frå morsbrystet.Dei krev pant av fattige,

10. av dei som går omkring utan klede,dei som svoltne må bera på kornband.

11. Dei pressar olje mellom trerekkjene,dei trakkar vinpressa, men tørstar.

12. Frå byen høyrest stønn av døyande,såra skrik om hjelp.Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.

Les hele kapitlet Job 24