Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 22:14-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Skyer dekkjer så han ikkje serder han vandrar over himmelbogen.»

15. Vil du følgja den gamle stigensom ugjerningsmenn gjekk,

16. dei som vart rivne for tidleg bortdå flaumen skylde vekk grunnvollen deira?

17. Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!Kva gjer vel Den veldige for oss?»

18. Men han hadde fylt husa deira med alt godt.Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!

19. Dei rettferdige såg det og jubla,dei uskuldige spotta:

20. «Der forsvinn motstandarane våre,og elden fortærer restane.»

21. Forlik deg med han og slutt fred,så får du alt godt tilbake.

22. Ta imot rettleiing frå hans munn,legg deg talen hans på hjartet.

23. Vend attende til Den veldige,så får du oppreising.Hald urett borte frå teltet ditt!

24. Kast gullet ditt i støvet,Ofir-gullet mellom steinar i bekken,

25. så skal Den veldige vera gull for deg,ja, det finaste sølv.

26. Du har di glede i Den veldige.Du lyfter andletet mot Gud.

27. Du bed til han, og han høyrer deg.Du innfrir det du har lova.

28. Det du set deg føre, skal lukkast.Lys skal stråla over vegane dine.

29. Når det går nedover, skal du seia: «Opp!»Han frelser dei som slår auga ned.

Les hele kapitlet Job 22