Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.Han svinn som eit syn om natta.

9. Auget som såg, ser han ikkje lenger,han er ikkje på heimstaden sin.

10. Borna hans må søkja godvilje hos fattige;med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.

11. Ungdomskrafta som fylte beina,kviler no med han i støvet.

12. Det vonde er søtt i hans munn,han gøymer det under tunga.

13. Han smattar på det utan å svelgja,trykkjer det mot ganen.

14. Men maten blir omskapt i magen,blir ormegift i hans indre.

15. Rikdomen han slukte, kastar han opp,Gud driv det ut or magen.

16. Han syg ormeeiter,hoggormtunga drep han.

17. Aldri får han sjå bekkereller elvar som fløymer med honning og rømme.

18. Maten han har streva for, vil ut,han får han ikkje ned.Han har inga glede av rikdomen han vann.

19. For han knuste fattige og lét dei liggja,han røva til seg hus han ikkje hadde bygd.

20. Han finn inga ro i sitt indre;han kan ikkje berga det han har så kjært.

21. Ingen ting slepp unna fråtsinga,difor varer ikkje velstanden for han.

Les hele kapitlet Job 20