Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Vel må eg lytta til refs og hån,men krafta frå min forstand gjev meg svar.

4. Du veit at slik har det alltid vore,heilt sidan mennesket vart sett på jorda;

5. dei urettferdige jublar ei kort tid,den ugudelege gleder seg ein augneblink.

6. Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgtog hovudet når til skyene,

7. går han likevel til grunne som skit.Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»

8. Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.Han svinn som eit syn om natta.

9. Auget som såg, ser han ikkje lenger,han er ikkje på heimstaden sin.

10. Borna hans må søkja godvilje hos fattige;med eigne hender må han gje rikdomen tilbake.

11. Ungdomskrafta som fylte beina,kviler no med han i støvet.

12. Det vonde er søtt i hans munn,han gøymer det under tunga.

13. Han smattar på det utan å svelgja,trykkjer det mot ganen.

14. Men maten blir omskapt i magen,blir ormegift i hans indre.

Les hele kapitlet Job 20