Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:13-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Han smattar på det utan å svelgja,trykkjer det mot ganen.

14. Men maten blir omskapt i magen,blir ormegift i hans indre.

15. Rikdomen han slukte, kastar han opp,Gud driv det ut or magen.

16. Han syg ormeeiter,hoggormtunga drep han.

17. Aldri får han sjå bekkereller elvar som fløymer med honning og rømme.

18. Maten han har streva for, vil ut,han får han ikkje ned.Han har inga glede av rikdomen han vann.

19. For han knuste fattige og lét dei liggja,han røva til seg hus han ikkje hadde bygd.

20. Han finn inga ro i sitt indre;han kan ikkje berga det han har så kjært.

21. Ingen ting slepp unna fråtsinga,difor varer ikkje velstanden for han.

22. I hans store overflod blir det trongt,ulukka rammar, med full kraft.

23. For retteleg å fylla magen hanssender Gud sin brennande vreideog lèt det regna over han med kjøt.

24. Han rømmer frå våpen av jern,men blir såra av ein bronseboge.

25. Han dreg pila ut av ryggen,dreg den blanke spissen ut av galleblæra.Redsle kjem over han.

26. Stummande mørker løyner han.Ein eld som ingen pustar til, fortærer han.Ulukka rammar dei som er att i teltet hans.

27. Himmelen avdekkjer hans skuld,jorda reiser seg mot han.

28. Avlinga han fekk i hus, blir ført bort,skyld vekk på Guds vreidedag.

29. Slik er lagnaden eit urettferdig menneske får av Gud,arven som Gud har bestemt.

Les hele kapitlet Job 20