Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:

2. Igjen og igjen får eg opprivande tankar,dei gjer meg uroleg.

3. Vel må eg lytta til refs og hån,men krafta frå min forstand gjev meg svar.

4. Du veit at slik har det alltid vore,heilt sidan mennesket vart sett på jorda;

5. dei urettferdige jublar ei kort tid,den ugudelege gleder seg ein augneblink.

6. Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgtog hovudet når til skyene,

7. går han likevel til grunne som skit.Dei som såg han, spør: «Kvar er han?»

8. Som ein draum flyg han bort, dei finn han ikkje.Han svinn som eit syn om natta.

Les hele kapitlet Job 20