Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 2:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Då sa kona hans til han: «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!»

10. Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?» Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.

11. Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han.

12. Medan dei enno var eit stykke borte, fekk dei auge på han; men dei kjende han ikkje att. Dei brast i gråt, reiv sund kappene sine og kasta støv over hovudet.

13. Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor.

Les hele kapitlet Job 2