Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 2:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Om du no retter ut handa og rører ved beina og kjøtet hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»

6. Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, han er i di makt, men spar livet hans!»

7. Så gjekk Klagaren bort frå Herren og slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.

8. Job tok eit potteskar og skrapa seg med det, der han sat i oska.

9. Då sa kona hans til han: «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!»

10. Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?» Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.

11. Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han.

Les hele kapitlet Job 2