Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 2:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Blant dei kom også Klagaren.

2. Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» Klagaren svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»

3. Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt. Framleis står han fast i si gudsfrykt. Du har utfordra meg til å øydeleggja han utan grunn.»

4. Men Klagaren svara: «Hud for hud! Ein mann gjev jo alt han eig, for livet sitt.

5. Om du no retter ut handa og rører ved beina og kjøtet hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»

6. Då sa Herren til Klagaren: «Sjå, han er i di makt, men spar livet hans!»

7. Så gjekk Klagaren bort frå Herren og slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.

8. Job tok eit potteskar og skrapa seg med det, der han sat i oska.

9. Då sa kona hans til han: «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!»

10. Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?» Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.

Les hele kapitlet Job 2