Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 19:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Æra tek han frå meg,riv krona av hovudet mitt.

10. Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.

11. Vreiden hans flammar mot meg,han reknar meg som sin motstandar.

12. No kjem alle troppane hans,dei marsjerer mot megog omringar teltet mitt.

13. Brørne mine held seg på avstand,kjenningane mine er som framande.

14. Dei næraste er borte,dei som kjende meg, har gløymt meg.

15. Huslyd og tenestejenter reknar meg som ein framand;ein utlending er eg i deira auge.

16. Ropar eg på tenaren, svarar han ikkje;eg må be han audmjukt om hjelp.

17. Anden min er ekkel for kona mi,eg vekkjer avsky hos min eigne born.

18. Sjølv gutungar foraktar meg.Når eg reiser meg, talar dei mot meg.

19. Dei fortrulege venene viser no avsky,dei eg elskar, vender seg mot meg.

Les hele kapitlet Job 19