Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 19:18-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Sjølv gutungar foraktar meg.Når eg reiser meg, talar dei mot meg.

19. Dei fortrulege venene viser no avsky,dei eg elskar, vender seg mot meg.

20. Eg er ikkje anna enn skinn og bein,tannlaus må eg berga meg.

21. Spar meg, ja, spar meg, vener!For Guds hand har rørt ved meg.

22. Kvifor jagar de meg slik også Gud gjer?Blir de aldri mette av mitt kjøt?

23. Om berre mine ord vart skrivne ned,om dei vart innførte i ein bokrull,

24. forma med griffel av jern og med bly,rissa i stein for alltid!

25. Eg veit at min utløysar lever.Som den siste skal han stå fram i støvet.

Les hele kapitlet Job 19