Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 19:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Kor lenge vil de plaga megog knusa meg med ord?

3. Det er tiande gongen de spottar megog utan skam går laus på meg.

4. Har eg verkeleg feila,så må eg sjølv leva med feilen.

5. Vil de heva dykk over meg,så vis at mi vanære er fortent!

6. Men vit at Gud gjer meg urettnår han spenner sitt garn omkring meg.

7. Eg ropar om vald utan å bli høyrd.Eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.

8. Han stengjer vegen, eg når ikkje fram.Han legg mine stigar i mørker.

9. Æra tek han frå meg,riv krona av hovudet mitt.

10. Han bryt meg heilt ned, eg må gå bort.Håpet mitt rykkjer han opp som eit tre.

Les hele kapitlet Job 19