Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 18:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga?Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!

3. Kvifor skulle vi bli rekna som fe?Er vi så dumme i dykkar auge?

4. Raseriet ditt riv deg sund.Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,og berget flytta seg?

5. Lyset til den urettferdige brenn ut,logen frå elden lyser ikkje meir.

6. Lyset i teltet hans går ut,og lampa sloknar for han.

7. Hans sterke steg blir hindra,hans eigen plan feller han.

8. Føtene hans går i garnet,han blir fanga i nettet.

9. Ei snare sit rundt hælen,ei lykkje held han fast.

10. Eit reip ligg gøymt på jorda,ei felle på hans stig.

11. Redslene omringar han,dei jagar i hælane på han.

12. Ulukke hungrar etter han.Undergang ventar på hans fall.

13. Sjukdom fortærer huda hans.Dødens førstefødde et han opp.

14. Han blir riven bort frå sitt trygge teltog ført til redslekongen.

Les hele kapitlet Job 18