Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 14:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mennesket, fødd av ei kvinne,lever kort og er fylt av uro.

2. Det spirer som blomen og visnar,flyktar som skuggen, står ikkje i ro.

3. Likevel held du auge med det,du stemner meg for din domstol.

4. Kan det koma ein rein av ein urein?Nei, ikkje ein einaste.

5. Når dagane til mennesket er fastsette,når du har bestemt månadstalet for det,sett grensa det ikkje kan bryta,

6. vend då blikket bort og lat det vera,så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.

7. For eit tre finst det håp:Blir det felt, veks det opp att,det skal ikkje mangla friske skot.

8. Om røtene i jorda blir gamleog stubben morknar i støvet,

Les hele kapitlet Job 14