Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 13:6-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Høyr på forklaringa mi,gjev akt på forsvaret mitt!

7. Vil de vitna for Gud med urett,tala hans sak med svik?

8. Er det Gud de tek parti for?Er det hans sak de fører?

9. Går det då godt når han ransakar dykk?Kan de narra han slik de narrar menneske?

10. Nei, han ville refsa dykk strengtom de tok parti i løynd.

11. Skulle ikkje hans velde skremma dykk,hans skrekk falla over dykk?

12. Visdomsorda dykkar er oske,og svara dykkar er av leire.

13. Tei stilt og lat meg føra ordet,kva som enn skjer med meg!

14. Eg tygg på mitt eige kjøt,eg går med livet i hendene.

15. Han vil drepa meg, eg har ikkje noko håp,likevel vil eg forsvara mine vegar for hans andlet.

16. Kanskje blir dette mi redning,for ingen ugudeleg kan koma fram for han.

17. Lytt vel til talen min,lat forklaringa klinga i øyra!

18. Sjå, eg legg fram mi sak,eg veit at eg har rett.

19. Kan nokon vinna ei sak mot meg?Då vil eg teia og døy.

20. Skån meg berre for to ting,så slepp eg å løyna meg for deg:

21. Ta handa di bort frå meg,og lat ikkje redslene dine skremma meg!

22. Rop, så skal eg svara,eller lat meg tala, så svarar du!

23. Kvar er mi skuld og mine synder?Kunngjer mitt brot og mi synd!

24. Kvifor løyner du andletetog reknar meg som din fiende?

Les hele kapitlet Job 13