Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 13:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Likevel må eg tala til Den veldige,eg ønskjer å gå i rette med Gud!

4. Men de smør løgna utover,kvakksalvarar er de alle saman.

5. Om de berre ville teia!Då kunne de reknast for vise!

6. Høyr på forklaringa mi,gjev akt på forsvaret mitt!

7. Vil de vitna for Gud med urett,tala hans sak med svik?

8. Er det Gud de tek parti for?Er det hans sak de fører?

9. Går det då godt når han ransakar dykk?Kan de narra han slik de narrar menneske?

10. Nei, han ville refsa dykk strengtom de tok parti i løynd.

11. Skulle ikkje hans velde skremma dykk,hans skrekk falla over dykk?

12. Visdomsorda dykkar er oske,og svara dykkar er av leire.

13. Tei stilt og lat meg føra ordet,kva som enn skjer med meg!

14. Eg tygg på mitt eige kjøt,eg går med livet i hendene.

Les hele kapitlet Job 13