Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Telta til valdsmenn får stå i fred;trygge er dei som utfordrar Gudog trur dei har han i si hole hand.

7. Spør berre dyra, og dei skal læra deg,spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.

8. Snakk med jorda, og ho skal læra deg,fiskane i havet skal fortelja.

9. Kven av desse har ikkje skjønaat Herrens hand har laga dette?

10. Han har kvar levande skapning i si hand,og ånda til kvart menneske.

11. Prøver ikkje øyret det som blir sagt?Ganen smakar då på maten?

12. Med alderdom kjem visdom,eit langt liv gjev innsikt.

13. Hos Gud er visdom og styrke,råd og forstand.

Les hele kapitlet Job 12