Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Hos Gud er visdom og styrke,råd og forstand.

14. Når han riv ned, byggjer ingen opp;når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.

15. Når han stengjer for vatnet, blir det tørke,og når han opnar, blir jorda skyld bort.

16. Hos han er styrke og innsikt.Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.

17. Han viser rådgjevarar berrføtte bort,og dommarar gjer han til dårar.

18. Han løyser kongars lenkjerog bind beltet om dei.

19. Han fører prestar berrføtte bortog feller dei sterke.

20. Han lèt dei pålitelege mista munn og mæle,tek dømmekrafta frå dei eldste.

21. Han auser skam over stormennog tek våpenbeltet av dei sterke.

22. Han avdekkjer det mørke djupet,dreg dødsskuggen fram i lyset.

23. Han lèt folkeslag veksa, og han gjer ende på dei,han spreier folka, og han leier dei.

24. Han tek vitet frå leiarane for folket i landetog fører dei vill i veglause audna.

Les hele kapitlet Job 12