Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Prøver ikkje øyret det som blir sagt?Ganen smakar då på maten?

12. Med alderdom kjem visdom,eit langt liv gjev innsikt.

13. Hos Gud er visdom og styrke,råd og forstand.

14. Når han riv ned, byggjer ingen opp;når han lèt att for ein mann, kan ingen opna.

15. Når han stengjer for vatnet, blir det tørke,og når han opnar, blir jorda skyld bort.

16. Hos han er styrke og innsikt.Den som fer vill og den som fører vill, tilhøyrer han.

17. Han viser rådgjevarar berrføtte bort,og dommarar gjer han til dårar.

18. Han løyser kongars lenkjerog bind beltet om dei.

19. Han fører prestar berrføtte bortog feller dei sterke.

Les hele kapitlet Job 12