Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, de snakkar som folk flest,med dykk døyr nok visdomen ut!

3. Men eg òg har forstand,eg står ikkje tilbake for dykk.Kven kjenner ikkje til alt dette?

4. Eg er til lått for venene mine,eg som ropa til Gud og fekk svar,til lått, eg som er rettferdig og from!

5. «Gløym ulukka», tenkjer den sorglause,«ho rammar berre han som snublar.»

6. Telta til valdsmenn får stå i fred;trygge er dei som utfordrar Gudog trur dei har han i si hole hand.

7. Spør berre dyra, og dei skal læra deg,spør fuglane under himmelen, og dei skal opplysa deg.

8. Snakk med jorda, og ho skal læra deg,fiskane i havet skal fortelja.

9. Kven av desse har ikkje skjønaat Herrens hand har laga dette?

10. Han har kvar levande skapning i si hand,og ånda til kvart menneske.

11. Prøver ikkje øyret det som blir sagt?Ganen smakar då på maten?

Les hele kapitlet Job 12