Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 10:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Du gav meg liv og alt som godt er,du verna og vakta mi livskraft.

13. Men dette gøymde du i hjartet,dette veit eg du hadde i tankar:

14. Om eg syndar, vaktar du på megog vil ikkje frikjenna meg for skuld.

15. Er eg skuldig, så ve meg!Og sjølv om eg har rett, kan eg ikkje lyfta hovudet;eg er mett av skam og har nok av naud.

16. Står eg likevel oppreist, jagar du meg som ei løve,igjen og igjen gjer du underlege ting mot meg.

17. Du finn nye vitne mot meg,viser meg aukande uviljeog sender hær etter hær mot meg.

18. Kvifor hjelpte du meg ut or mors liv?Var eg berre død før noko auge fekk sjå meg!

19. Då var eg som om eg aldri var til,boren frå mors liv til grava.

20. Kor få mine levedagar er!Kan han ikkje la meg vera,så får eg litt glede

21. før eg går bort til landet med mørker og dødsskuggeog aldri vender attende,

Les hele kapitlet Job 10