Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 1:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. overfall sabearane oss og tok dyra. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»

16. Medan han enno tala, kom ein annan og sa: «Ein Guds eld fall frå himmelen. Elden råka sauene og tenarane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»

17. Medan han enno tala, kom ein tredje og sa: «Kaldearane kom, delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Tenarane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»

18. Medan han enno tala, kom endå ein og sa: «Sønene og døtrene dine åt og drakk vin heime hos den eldste broren.

19. Med eitt kom ein sterk vind frå den andre sida av ørkenen. Han tok tak i alle fire hjørna på huset, så det fall saman over dei unge, og dei døydde. Eg var den einaste som slapp unna og kan fortelja deg det.»

20. Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klipte av seg håret. Han kasta seg til jorda og tilbad.

21. Han sa: «Naken kom eg frå mors liv.Naken vender eg attende. Herren gav, Herren tok,velsigna vere Herrens namn!»

22. Gjennom alt dette synda ikkje Job. Han krenkte ikkje Gud.

Les hele kapitlet Job 1