Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 9:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. aramearane frå austog filistrane frå vest.Dei fortærte Israel med vidopen munn.Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.

13. Men folket vende ikkje omtil han som slo det,dei søkte ikkje Herren over hærskarane.

14. Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,palmegrein og siv på éin dag.

15. Den eldste og den fornemme er hovudet,halen er profeten som lærer bort løgn.

16. Dei som leidde dette folket,førte dei vill,dei som skulle leiast, vart villeidde.

17. Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira,mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn.For alle var ugudelege og vonde,kvar munn tala dårskap.Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.

18. Ja, uretten brann som ein eldog fortærte torn og tistel,han sette tettaste skogen i brann,røyken steig høgt til vêrs.

19. Landet er sett i brannfordi Herren over hærskarane er harm,og folket har vorte til mat for elden.Det er ingen som sparer bror sin.

20. Dei beit til høgre, men var svoltne,og åt til venstre, men vart ikkje mette.Kvar mann et sin neste,

21. Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse.Saman går dei mot Juda.Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.

Les hele kapitlet Jesaja 9