Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 8:8-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. ho kjem inn over Juda,fløymer over og breier seg utovertil ho når opp til halsen.Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,så vidt som det er, Immanuel!

9. Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!Lytt, alle fjerne land!Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,rust til strid og bli slegne av skrekk!

10. Legg ein plan, han skal slå feil!Sei eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.

11. For så sa Herren til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:

12. De skal ikkje seia «samansverjing»til alt dette folket kallar samansverjing!Det dei fryktar,skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.

13. Herren over hærskarane,han skal de halda heilag.Han skal de frykta,og han skal de skjelva for.

14. Han skal vera ein heilagdom,ein snublestein og eit berg til fallfor Israels to hus,ei snare og ei fellefor dei som bur i Jerusalem.

15. Mange av dei skal snubla,dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og bli fanga.

Les hele kapitlet Jesaja 8