Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 8:15-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Mange av dei skal snubla,dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og bli fanga.

16. Eg vil binda inn vitnemåletog forsegla lova hos læresveinane mine.

17. Så vil eg venta på Herren,som løyner andletet for Jakobs hus,og setja mi von til han.

18. Sjå, eg og borna som Herren har gjeve meg,er teikn og varsel i Israelfrå Herren over hærskarane,han som bur på Sion-fjellet.

19. Men når dei seier til dykk:«Spør gjenferd og spådomsånder til råds,slike som kviskrar og mumlar!Skal ikkje eit folk spørja sine gudar,spørja dei døde til råds for dei levande

20. om lov og om vitnemål?»Sanneleg, for dei som seier slikt,står ikkje sola opp meir!

21. Forkomen og svolten skal han dra omkring.Når han svelt, blir han harmog forbannar sin konge og sin Gud.Anten han vender seg mot det høge

Les hele kapitlet Jesaja 8