Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 8:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. De skal ikkje seia «samansverjing»til alt dette folket kallar samansverjing!Det dei fryktar,skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.

13. Herren over hærskarane,han skal de halda heilag.Han skal de frykta,og han skal de skjelva for.

14. Han skal vera ein heilagdom,ein snublestein og eit berg til fallfor Israels to hus,ei snare og ei fellefor dei som bur i Jerusalem.

15. Mange av dei skal snubla,dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og bli fanga.

16. Eg vil binda inn vitnemåletog forsegla lova hos læresveinane mine.

17. Så vil eg venta på Herren,som løyner andletet for Jakobs hus,og setja mi von til han.

18. Sjå, eg og borna som Herren har gjeve meg,er teikn og varsel i Israelfrå Herren over hærskarane,han som bur på Sion-fjellet.

Les hele kapitlet Jesaja 8