Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 8:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.»

2. Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.

3. Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas.

4. For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»

5. Herren tala igjen til meg og sa:

6. Fordi dette folket foraktarSiloas vatn, som renn så stilt,og mistar motet for Resin og Remaljas son,

7. sjå, difor lèt HerrenStorelva stiga over deimed veldige vassmengder– assyrarkongen og all hans makt.Ho skal stiga over alle sine elvefarog gå over alle sine bredder,

8. ho kjem inn over Juda,fløymer over og breier seg utovertil ho når opp til halsen.Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,så vidt som det er, Immanuel!

9. Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!Lytt, alle fjerne land!Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,rust til strid og bli slegne av skrekk!

10. Legg ein plan, han skal slå feil!Sei eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.

11. For så sa Herren til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:

Les hele kapitlet Jesaja 8