Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 7:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. og Samaria er Efraims hovud,og son til Remalja er hovud i Samaria.Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»

10. Herren tala igjen til Ahas og sa:

11. «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!»

12. Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»

13. Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud?

14. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.

15. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.

16. For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.

17. Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

18. Den dagen skal det skjeat Herren plystrar på flugeneattmed elveosane i Egyptog på biene i Assur.

19. Alle skal koma og slå seg nedi bratte gjel og fjellkløfter,i alle tornekrattog på alle vatningsplassar.

20. Den dagen skal Herren barberamed ein kniv han har leigdpå den andre sida av Storelva,med kongen av Assur,alt hår både på hovudet og mellom beina,ja, skjegget òg skal kniven ta bort.

21. Og den dagen skal ein mann kunna haldaei kvige og eit par sauer,

Les hele kapitlet Jesaja 7