Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 7:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.

17. Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

18. Den dagen skal det skjeat Herren plystrar på flugeneattmed elveosane i Egyptog på biene i Assur.

19. Alle skal koma og slå seg nedi bratte gjel og fjellkløfter,i alle tornekrattog på alle vatningsplassar.

20. Den dagen skal Herren barberamed ein kniv han har leigdpå den andre sida av Storelva,med kongen av Assur,alt hår både på hovudet og mellom beina,ja, skjegget òg skal kniven ta bort.

21. Og den dagen skal ein mann kunna haldaei kvige og eit par sauer,

22. og dei skal gje så mykje mjølkat han kan eta rømme.Ja, rømme og honning skal dei eta,alle dei som er att i landet.

23. Og den dagen skal det skjeat kvar stad der det no er tusen vinstokkar,verde tusen sjekel sølv,skal det berre vera torn og tistel.

24. Med pil og boge går ein dit,for landet er fullt av torn og tistel.

25. Og alle liene som vart hakka opp med hakker,dit kan du ikkje koma meirav redsle for torn og tistel.No skal oksar sleppast laus der,og sauene skal trakka.

Les hele kapitlet Jesaja 7