Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 7:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode.

16. For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar.

17. Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

18. Den dagen skal det skjeat Herren plystrar på flugeneattmed elveosane i Egyptog på biene i Assur.

19. Alle skal koma og slå seg nedi bratte gjel og fjellkløfter,i alle tornekrattog på alle vatningsplassar.

20. Den dagen skal Herren barberamed ein kniv han har leigdpå den andre sida av Storelva,med kongen av Assur,alt hår både på hovudet og mellom beina,ja, skjegget òg skal kniven ta bort.

21. Og den dagen skal ein mann kunna haldaei kvige og eit par sauer,

22. og dei skal gje så mykje mjølkat han kan eta rømme.Ja, rømme og honning skal dei eta,alle dei som er att i landet.

Les hele kapitlet Jesaja 7